Tilliten til marknadsbalanseringa må styrkast

Norske Felleskjøp støttar forenklingsalternativet i sitt høyringssvar til LMD om marknadsbalanseringsutvalet sin rapport.

Norske Felleskjøp viser til det foreslåtte alternativet frå medlemmene Hoff, Redse Håskjold, Ødegård og Reistad som er omtalt i kapittel 10 i rapporten. Norske Felleskjøp støttar dette alternativet. Sjølv om vi meiner utvalet har påvist at marknadsbalanseringa fungerer i tråd med formåla, trengs tiltak som styrker tilliten til systemet. 

Norske bønder er heilt avhengige av å kunne organisere seg fritt i sals- og innkjøpssamvirke for å kunne samordne si svært spreidde marknadsmakt overfor sterke aktørar både innafor kjøp og sal av varer og tenester.Den norske modellen der bøndene sine organisasjonar forhandlar med staten om maksimalprisar på jordbruksråvarer og der bøndene sine eigne samvirkeorganisasjonar er tillagt ansvar for å hente desse ut i  ein balansert marknad, er grunnleggande viktig å ta vare på. At bøndene betaler avgiftene som skal finansiere reguleringa av førstehandsmarknaden gir sterk stimulans til samvirket om å gjennomføre marknadsbalanseringa på ein kostnadseffektiv måte. Modellen står i kontrast til reine marknadsbaserte mekanismar utan rammer for utøvinga av næringsverksemda verken på primærleddet eller i seinare ledd i verdikjeda. Fleire av forslaga frå utvalet utfordrar denne modellen. 

Utvalet har også peika på at marknadsbalanseringa, først og fremst mottaksplikta, er avgjerande viktig for å gi grunnlag for landbruksdrift i distrikta utanfor dei sentrale landbruksområda.

Les heile høyringssvaret

Kalender

15.00-16.00 9. mars 2023

Siste nytt

Felleskjøpet Agri reduserer basisprisen på matkveite og matrug frå 12. desember og aukar basisprisen på bygg frå nyttår for å sikre uttak av målpris.

Prognosane for forventa avling har auka med 59 000 tonn sidan september, og avlinga ser ut til å bli 20 prosent over gjennomsnittet for dei siste fem åra.

Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp 54 000 tonn sidan august og 14 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.