Justering av basispriser for norsk korn

Matkveite vert heva med 1 øre medan bygg og havre vert redusert med 2 øre pr kg frå nyttår i prisprognosen frå Norske Felleskjøp.

3. juni i år publiserte Norske Felleskjøp første sesongprognose for basisprisar ved prisnoteringsanlegga i sesongen 2020/2021. Prognosen for tilgang av korn pr. november gir grunnlag for å vurdere leveringsmønsteret og prisuttaket for sesongen.

 

Norske Felleskjøp gjer med dette følgjande endring i gjeldande prisprognose:

  • Basispris for matkveite vert heva med 1 øre pr. kg i perioden frå og med veke 1/21 til og med veke 4/21.
  • Basispris for bygg vert redusert med 2 øre pr. kg i perioden frå og med veke 1/21 til og med veke 10/21.
  • Basispris for havre vert redusert med 2 øre pr. kg i perioden frå og med veke 1/21 til og med veke 10/21.

 

Prisendringane er gjort for å oppnå noteringspris for sesongen mest mogleg i samsvar med målpris.

 

Sjå oppdatert pristabell her

Kalender

Siste nytt

Felleskjøpet Agri markedsregulering har utarbeidd første prognose for priskurver for basisprisar ved noteringsanlegga for den kommande sesongen.

Marknadsregulator foreslår at Landbruksdirektoratet reduserer importkvotane for matkveite ved auksjonen i mai med 10 000 tonn for å auke bruken av norsk korn.

Marknadsregulator har fått innmeldt overskott av 48 700 tonn matkveite og 9 000 fôrkorn.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.