Opptak fra Kornkonferansen 2016


Se Knut Arild Hareide om KrFs forventninger til ny jordbruksmelding

Se opptakene her

- Det er den blå-blå regjeringa som skal leggje fram ei ny jordbruksmelding. Der sit Per Sandberg, men ikkje eg. Vi skal ta tak i meldinga når ho kjem i Stortinget, og forma ho etter Kristelig Folkeparti sitt bilete i tett samarbeid med gode støttekontaktar på første benk. Det sa KrF-leiar Knut Arild Hareide i sitt foredrag på den 11. Kornkonferansen,  arrangert av Norges Bondelag og Norske Felleskjøp i samarbeid.

Hareide vart godt motteken på konferansen. Siviløkonomen frå Hordaland med bakgrunn som forretningsutviklar og organisasjonsdirektør i Schibsted-konsernet sa seg imponert av sterke produktivitetsveksten landbruket og lei for at dette ikkje hadde gjeve økte inntekter for bonden. Han fekk applaus for fleire poeng, mellom anna det han sa om å halde på eigarskapspolitikken og mjølkekvotegrensene, ikkje redusere landbrukets rom for inntekter i handelsspørsmål og få til avbøtande tiltak for bortfallet av eksportstøtta.

Hareide var klar på at KrFs rolle som brubyggjar og langsiktig aktør i landbrukspolitikken, og viste til landbruksmeldinga frå Kåre Gjønnes som vart vidareført av regjeringa Stoltenberg. - Jordbruksfrådraget som ble vedtatt da, utgjer no 10% av bondens inntekt i følge budsjettnemnda, sa Knut Arild Hareide. 

Knut Arild Hareide med støttekontakter på første benk; Lars Petter Bartnes og Per Skorge i Bondelaget.

Knut Arild Hareide med støttekontakter på første benk; Lars Petter Bartnes og Per Skorge i Bondelaget.

Se program

Kalender

9.00-16.00 31. januar 2019

Oslo Kongressenter

Siste nytt

Norske Felleskjøp endrer basisprisane for bygg, matkveite og oljefrø med verknad frå oktober.

Norske Felleskjøp har justert ned prognosen for korn, protein og oljevekstar med 14 000 tonn og prognosert tilgangen på halm til husdyrfôr.

Det kan bli nødvendig å endre priskurvene for korn pga endret leveringsmønster. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.