Prognose for tilgang og forbruk av korn pr november 2017

Hveteåker i Stjørdal 2017

Norske Felleskjøp har justert opp avlingsprognosen for korn, erter og oljefrø. Liten tilgang av matkveite gir auka importbehov.

Norske Felleskjøp har vedteke ny prognose for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2017/2018. Prognosen er basert på kjende leveransar denne sesongen samanlikna med andel og kvantum av gjenståande leveransar i dei tre siste åra.

 

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 1 220 000 tonn korn og 14 000 tonn erter og oljefrø. Dette er 9 % over gjennomsnittet for dei føregåande fem åra. Prognosen inneber ei oppjustering av samla tilgang på totalt 46 000 tonn i forhold til prognosen i september.

 

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvoter for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av Landbruksdirektoratet 24. november. Det blir foreslått import av 120 000 tonn matkorn i november av i alt 206 000 tonn for sesongen. Til kraftfôrindustrien er det foreslått å auksjonere ut 38 000 tonn i november, av i alt 268 000 tonn importbehov i sesongen. Vidare legg prognosen opp til auksjonering av 5 000 tonn oljefrø i november.

 

Det er prognosert overskott av matkveite og eit mindre overskott av matrug. Handteringa vil bli vurdert seinare i sesongen når prognosegrunnlaget er betre.

Kalender

9.00-16.00 31. januar 2019

Oslo Kongressenter

Siste nytt

Norske Felleskjøp endrer basisprisane for bygg, matkveite og oljefrø med verknad frå oktober.

Norske Felleskjøp har justert ned prognosen for korn, protein og oljevekstar med 14 000 tonn og prognosert tilgangen på halm til husdyrfôr.

Det kan bli nødvendig å endre priskurvene for korn pga endret leveringsmønster. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.