Prognose for marknadsbalanse for norsk korn i 2018/2019

Norske Felleskjøp har vedteke ny prognose for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2018/2019.

Prognosen for tilgang av korn er basert på spørjeundersøking hos kornprodusentane og på oppdatering av septemberprognosen med endelege arealtal hausten 2018. I prognosen for behov for korn er det lagt til grunn 10 % vekst i forbruket av kraftfor til drøvtyggere fra i høst og fram til sommeren 2019.

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 662 000 tonn korn og 12 000 tonn erter og oljefrø. Dette er 57 % av gjennomsnittet for dei føregåande fem åra. Prognosen inneber ei oppjustering av samla tilgang på totalt 30 000 tonn i forhold til prognosen i september. 

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvoter for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av Landbruksdirektoratet 21. november. Det blir foreslått import av 83 000 tonn matkorn i november av i alt 205 000 tonn for sesongen. Til kraftfôrindustrien er det foreslått å auksjonere ut 252 000 tonn i november, av i alt 808 000 tonn importbehov i sesongen. Vidare legg prognosen opp til auksjonering av 3 000 tonn oljefrø i november.

 Prognosedokumentet følgjer vedlagt.

Kalender

9.00-15.30 18. januar 2022

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21

Siste nytt

- For andre år på rad aukar innhaldet av norsk korn i brød og kornprodukt. Norsk korndyrking har dei siste åra vore gjennom ein liten revolusjon, seier Eli Reistad, direktør for næringspolitikk og marknadsregulering hos Felleskjøpet Agri.

Prognosane viser at forventa tilgang er justert ned 54 000 tonn sidan august, men tilseier framleis ei avling over femårssnittet. 

Omsetningsrådet har sett omsetningsavgifta for korn til 2,5 øre/kg, etter framlegg frå styret i Felleskjøpet Agri.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.