Norske Felleskjøp anbefaler import av 13 000 tonn karbohydratråvare basert på ny prognose for kornbalansen i 2017/2018

Norske Felleskjøp har i dag utarbeidd ei oppdatert prognose for inneværande sesong (2017/2018). Denne er grunnlag for anbefaling om anbefaling om ekstra import av karbohydratråvarer.  

Norske Felleskjøp utarbeidde 12. juli ei oppdatert prognose for 2017-2018 (september 2017 – august 2018) for å kvantifisere behovet for ekstra import av karbohydratråvarer med høgt fiberinnhald.

Årsaka for ei slik prognose var svikt i grovfôravlingar denne sommaren. På bakgrunn av denne prognosen informerte Landbruksdirektoratet bransjen om disponering av ei slik ekstra kvote, men endeleg kvantum var føresett oppdatert i forkant av fastsett auksjonstidspunkt 10. august.Vedlagde prognose oppdaterer grunnlaget for importbehov og blir følgt opp med forslag til Landbruksdirektoratet om å opne for import av 13 000 tonn kabrohydratråvare. Den ekstraordinære auksjonen blir halden 10. august. 

Første prognose for neste sesong (2018/2019) vil bli presentert 16. august og vil vere grunnlaget for første ordinære kvoteauksjon for sesongen 2018/2019. Denne vil bli halden 21. august.

Kalender

15.00-15.00 16. mars 2021

Siste nytt

Basisprisen for bygg og havre vert redusert med tre og eitt øre pr kg frå og med måndag 22. februar for at noteringsprisen skal bli mest mogeleg i samsvar med målpris.

Norske Felleskjøp blir avvikla som eige selskap og aktivitetane lagt til Felleskjøpet Agri SA, som er produsentsamvirket for korn.

Last ned aktuelle tall for dyrking og forbruk av korn i Norge.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.