Marknadsreguleringa held fram som før

Logo Felleskjøpet Agri

Norske Felleskjøp blir avvikla som eige selskap og aktivitetane lagt til Felleskjøpet Agri SA, som er produsentsamvirket for korn.

Marknadsreguleringa for korn blir ikkje endra, men det blir endringar i selskapsorganisering.  Endringa skjer eine og aleine av  formelle omsyn knytt til samvirkelova.

Stortinget har gjennom behandlinga av Meld. St. 11 (2016-2017) i Innst. 251 S (2016-2017) slått fast at marknadsreguleringa av korn skal vidareførast gjennom produsentsamvirka.

 

Funksjonane i Norske Felleskjøp blir vidareført i ei ny avdeling i Felleskjøpet Agri SA og handtert på same måten som før. Den uavhengige stillinga blir presisert og formalisert gjennom eigen funksjonsomtale som mellom anna føreset at aktivitetane blir lagt utanom lokala til FKA. Aktivitetane blir vidareført i Landbrukskvartalet i Oslo. Funksjonsomtalen er vedteken av styret i NFK og av styret i FKA og følgjer vedlagt.

 

Denne endringa må gjerast av formelle omsyn. Norske Felleskjøp/Felleskjøpet Agri er opptekne av å vidareføre den nøytrale funksjonen til marknadsreguleringa. For dei som ynskjer nærare utdjuping, er vi opne for samtalar med sikte på å avklare eventuelle spørsmål involverte aktørar måtte ha. Vi legg stor vekt på å sikre at tilliten frå både aktørane i marknaden og i det politiske miljøet i fortsettinga vil utgjere eit avgjerande grunnlag for ei effektiv og konkurransenøytral marknadsregulering.

 

Kalender

15.00-15.00 16. mars 2021

Siste nytt

Basisprisen for bygg og havre vert redusert med tre og eitt øre pr kg frå og med måndag 22. februar for at noteringsprisen skal bli mest mogeleg i samsvar med målpris.

Norske Felleskjøp blir avvikla som eige selskap og aktivitetane lagt til Felleskjøpet Agri SA, som er produsentsamvirket for korn.

Last ned aktuelle tall for dyrking og forbruk av korn i Norge.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.