Prognose om høgare kornavling

Havre på sollen

Prognosen for årets avling er justert opp 13 000 tonn frå september til totalt 1 210 000 tonn korn og 16 000 tonn erter og oljefrø; 13 % over gjennomsnittet dei siste fem åra.

Norske Felleskjøp har vedteke ny prognose for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2016/2017. Prognosen er basert på kjende leveransar denne sesongen samanlikna med andel og kvantum av gjenståande leveransar i dei tre siste åra.

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 1 210 000 tonn korn og 16 000 tonn erter og oljefrø. Dette er 13 % over gjennomsnittet for dei føregåande fem åra. Prognosen inneber ei oppjustering av samla tilgang på totalt 13 000 tonn i forhold til prognosen i september og 89 000 tonn i forhold til prognosen i august.

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvoter for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av Landbruksdirektoratet 23. november. Det blir foreslått import av 13 000 tonn matkorn i november av i alt 90 000 tonn for sesongen. Til kraftfôrindustrien er det foreslått å auksjonere ut 69 000 tonn i november, av i alt 341 000 tonn importbehov i sesongen. Vidare legg prognosen opp til import av 2 000 tonn oljefrø i november.

Kvaliteten på matkveiten er god etter årets sesong. Tilgangen av matkveite, bygg og havre er stor. Det er prognosert med mindre overskott av matkveite og havre til fôr. 

Kalender

9.00-15.30 26. januar 2023

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, 0181 Oslo

Siste nytt

Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp 54 000 tonn sidan august og 14 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, 

Vi skal bidra til lønnsom matproduksjon over hele landet gjennom attraktive og konkurransedyktige fôrprodukt til produksjons- og kjæledyr.

Høg pris på rug i to veker til for å legge til rette for uttak av målpris.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.