God kornavling

Havreåker på Blæstad

Første prognose for årets kornavling frå Felleskjøpet Agri ligg 10 prosent over avlinga i fjor og omlag som avlinga i 2020.

Felleskjøpet Agri marknadsregulator har i dag utarbeidd den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2022/2023. Marknadsreguleringa i kornsektoren har som formål å skape balanse i kornmarknaden i Norge og sikre at omsetninga av norsk korn kan skje til målpris. Felleskjøpet Agri marknadsregulator skal legge til rette for at alt norsk korn kan bli brukt best mogleg i samsvar med kvaliteten på kornet.

 

Prognosert areal er sett lik føregåande totalareal. Fordelinga mellom kornslag er prognose frå NIBIO basert på såkornomsetninga og viser auka kveiteareal og mindre areal bygg og havre. Arealet med åkerbønner har auka sterkt frå i fjor. Avdelingar i Norsk Landbruksrådgiving har vurdert avlinga og gitt innspel pr. 09.08.2022. Regionale vurderingar er vedlagt i prognosedokumentet.

Totalt prognosert avling for 2022 er 1 245 000 tonn, opp 10 prosent frå avlinga i 2021 på 1 132 900 i tonn og så vidt under avlinga i 2020 på 1 250 356 tonn.

Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er avhengig av vêret framover og er førebels usikker. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data. Førebels er utsiktene for kvaliteten av matkveiten vurdert som gode. Med den store tilgangen er det grunn til å vente at det blir behov for regulering til 2023/2024.

Forbruksprognoser og importkvoter

Felleskjøpet Agri har også lagt fram prognoser for forbruket av matkorn og fôrkorn. På grunnlag av prognosene gir Felleskjøpet Agri marknadsregulator råd til Landbruksdirektoratet om kvoter for suppleringsimport til administrert toll. Prognose for importbehov i sesongen 2022/2023 er 453 000 tonn fôrkorn, 77 600 tonn matkorn og 4 400 tonn oljefrø. Felleskjøpet Agri anbefaler at Landbruksdirektoratet tildeler kvoter for import med redusert toll i august på 149 000 fôrkorn, 31 000 tonn matkorn og 2 000 tonn oljefrø. 

Sjå detaljar i vedlagt prognosedokument.

Kalender

9.00-15.30 26. januar 2023

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, 0181 Oslo

15.00-16.00 9. mars 2023

Siste nytt

Prognosane for forventa avling har auka med 59 000 tonn sidan september, og avlinga ser ut til å bli 20 prosent over gjennomsnittet for dei siste fem åra.

Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp 54 000 tonn sidan august og 14 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, 

Høg pris på rug i to veker til for å legge til rette for uttak av målpris.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.