21. september 2020
Norske Felleskjøp har justert opp augustprognosen med 4 prosent til 1,226 millioner tonn korn, erter og oljevekstar.
Det er 6 prosent over gjennomsnittet dei siste 5 åra. Det er innhenta oppdaterte anslag for avling pr. dekar frå Norsk landbruksrådgiving. Prognosane for forbruk av matkorn og fôrkorn er óg oppdatert.
Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp 48 000 tonn sidan august. Sør for Dovre har vêret i august og september vore gunstig, medan ein Trøndelag har hatt større vanskar og knapt kome i gang med treskinga. Matandelen i kveiten blir høg.
Forbruket av kraftfôr er prognosert litt opp, først og fremst som følgje av forventa auka produksjon av mjølk.
Norske Felleskjøp vil vurdere kor stor andel av estimert overskott av klasse 5 som bør leggast ut for tilbod for prisnedskriving til fôr med bakgrunn i denne prognosen.
Norske Felleskjøp blir avvikla som eige selskap og aktivitetane lagt til Felleskjøpet Agri SA, som er produsentsamvirket for korn.
Matkveite vert heva med 1 øre medan bygg og havre vert redusert med 2 øre pr kg frå nyttår i prisprognosen frå Norske Felleskjøp.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.