Rutiner for markedsreguleringen

Norske Felleskjøp har utarbeidd retningsliner for handtering av informasjon under marknadsreguleringa. Retningslinene er oppfølgjing av Omsetningsrådet sin gjennomgang av regelverka under rådet.

Rutinar for informasjonshandtering i Norske Felleskjøp som marknadsregulator

Norske Felleskjøp, 19.12.2019

1.    Formål

Rutinar for informasjonshandtering i Norske Felleskjøp skal sikre at informasjon vert handtert på ein måte som ikkje påverkar konkurranseforholda i kornsektoren, jf. forskrift om markedsregulering § 6. Felleskjøpet sine forretningsmessige aktivitetar skal ikkje oppnå konkurransemessige fordelar av informasjon frå aktivitetar under marknadsreguleringa.

Informasjon som grunnlag for prognosering og avsetningstiltak som er relevant for alle aktørar, skal delast likt og samtidig med både Felleskjøpet og uavhengige aktørar. Informasjon innhenta frå uavhengige aktørar skal ikkje vere tilgjengeleg for Felleskjøpet sine forretningsmessige aktivitetar.

Informasjon innhenta om Felleskjøpet Agri sine aktivitetar blir heller ikkje formidla til andre aktørar.

2.    Ansvar

Krav til intern kontroll for handtering av informasjon som kan vere forretningsmessig sensitiv:

  1. Alle som kan ha tilgang til forretningsmessig sensitiv informasjon skal ha tilstrekkeleg kunnskap om Norske Felleskjøp sitt arbeid med systematisk internkontroll.
  2. Alle som kan ha tilgang til forretningsmessig sensitiv informasjon skal delta i arbeidet med internkontrollen.
  3. Alle som kan ha tilgang til forretningsmessig sensitiv informasjon skal ha kjennskap til korleis ansvar og oppgåver er fordelt.
  4. Kartlegging av farar og problem med den hensikt å avdekke risikoforhold. Dette skal brukast til å etablere tiltak for å redusere risikoen.
  5. Desse rutinane er sett opp for å forebygge at forretningsmessig sensitiv informasjon gir forretningsaktiviteten i Felleskjøpet særlege fordelar.
  6. Løpande oppfølging av internkontrollen slik at ein heile tida veit om denne fungerer som føresett.

3.    Handtering av informasjon som kan vere forretningsmessig sensitiv

Informasjon som kan gi aktørar konkurransemessige fordelar eller ulemper blir av Norske Felleskjøp rekna som sensitiv informasjon;

  • Informasjon om avsetningstiltak: Lagerstad, sikringstiltak mishald og reaksjonar – korrespondanse rundt slike tilfelle.
  • Informasjon til bruk i prognosearbeidet frå enkeltaktørar
  • Informasjon gitt under kontrollverksemd.

NFK har definert rutiner for arkivering av sensitiv informasjon. Jamfør vedlegg 1.

Prosess i bruken av informasjon I den grad FKA-personale blir involvert i gjennomføringa av aktivitetar under marknadsreguleringa, skal dette bli handtert i tråd med underteikna erklæring om teieplikt. Prosessane rundt dei ulike aktivitetane følgjer mønster omtalt under.

  • Prognosar: Fagutvalet får utkast til prognose for drøfting ein eller to dagar før utsending til Bransjeforum
  • Priskurver: Fagutvalet får utkast til priskurver ein eller to dagar før publisering til bransjen. Endringar i priskurver blir kunngjort to veker før endringane trer i kraft.
  • Avsetningstiltak: I hovudsak blir desse iverksett etter møte i Bransjeforum. Det blir deretter gitt minst ei veke for aktørane for å melde inn tilbod. Godkjenning av tilbod blir gjort same dagen som fristen er sett.

4.    Personar med innsidestatus

Andre personar enn tilsette i Norske Felleskjøp med ansvar for marknadsreguleringa skal ikkje ha tilgang til potensielt sensitiv informasjon om andre aktørar enn Felleskjøpet.

Personar i Felleskjøpet som har tilgang til informasjon som gir innsidestatus framgår av vedlegg 2. Lista blir ajourført kontinuerleg.

5.    Andre med ansvar under marknadsreguleringa

Fagutval for marknadsregulering gjer vedtak om prognosar etter delegasjon frå styret. Fagutvalet har ikkje tilgang til informasjon innhenta frå andre aktørar. Samansettinga av fagutvalet framgår av vedlegg 3.

Styret i Norske Felleskjøp har ikkje tilgang til informasjon om aktørar som gir innsidestatus. Styremedlemmene kan likevel motta informasjon av sensitiv karakter og underteiknar erklæring om teieplikt.

6.    Erklæring om teieplikt

Erklæring om teieplikt for Norske Felleskjøp sitt arbeid med marknadsregulering er lagt ved som vedlegg 3

7.    Kontroll av rutinane

7.1.  Internkontroll

Norske Felleskjøp fører intern kontroll med at rutinane for informasjonshandtering blir følgt.

7.2.  Kjennskap til internkontrollen

Alle personar med innsidestatus og alle som har underteikna erklæring om teieplikt under marknadsreguleringa, skal ha oppdatert kjennskap til retningslinene for handtering av informasjon og rutinane for internkontroll.

Dette dokumentet skal vere lett tilgjengeleg for alle som er involvert i Norske Felleskjøp sitt arbeid med marknadsregulering. Dokumentet skal vere publisert på Norske Felleskjøp sin nettside for marknadsregulering.

Kalender

13. august 15:30

Oslo

25. august 09:00

Telefonmøte i Omsetningsrådet

9.00-15.45 21. januar 2021

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, Oslo

Siste nytt

Norske Felleskjøp har utarbeidd første prognose for priskurver for basisprisar ved noteringsanlegga for den kommande sesongen. 

- Norske Felleskjøp støtter at partene har gjennomført forenklede forhandlinger. Det sikrer stabilitet og forutsigbarhet inn i årets vekstsesong, sier adm.dir Eli Reistad, som deltok i høringen om jordbruksoppgjøret i Stortingets Næringskomité i dag.

Siste sesongprognose for kornmarknaden 2019/2020 viser at tilgangen av korn er mindre enn prognosert i mars – om lag på nivå med prognosen i november. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.