Sindre Flø <sindre.floSPAMFILTER@fk.no>
14. mars 2016
Kornmottaket på Stange måtte mellomlagre korn ute ein periode i høst. I tillegg har lagra heime hos bøndene vore fulle.
Leveransane av korn har vore rekordstore i januar og februar, og prognosen for tilgang av norsk korn har auka med 44 000 tonn korn i forhold til prognosen av 19. november.
Norske Felleskjøp har oppdatert tilgangs- og forbrukstala for korn i sesongen 2015/2016. Prognosen er gitt som underlag for å vurdere tiltak for å balansere marknadane for matkorn og råvarer til kraftfôr.
Tilgangsprognosen byggjer på kvantum korn som er avrekna for landet til og med februar jamført med status på tilsvarande tidspunkt tidlegare år.
Rekordlevering
Det er ikkje tidlegare registrert så store innkjøp av korn i januar som i år. Pr. veke 10 er det avrekna 264 000 tonn i januar mot 203 000 tonn på same tidspunkt i fjor. Også innkjøp i februar ser ut til å bli rekordstort: Ved utgangen av februar er det registrert avrekna 85 000 tonn mot 46 000 tonn i fjor. Føresetnaden i novemberprognosen om at det ikkje ville vere vesentleg meir korn på lager hos bonden enn i 2014/2015, har dermed ikkje halde stikk. Figuren under illustrerer forventa kvantum og andel av total som ikkje var avrekna pr. 31.10.2015:
Etter prognosen gjenstår kjøp av om lag 6-7 % av 2015-kornet. Dette gir den tredje største korntilgangen til industrien på 20 år; på nivå med dei gode åra 2004 og 2008:
Korrigert for redusert areal i bruk til kornproduksjon, blir fjorårets avling svært god, særleg for kveite og rug der innslaget av haustkorn har slått positivt ut:
Sjå også vedlagt prognose:
Felleskjøpet Agri reduserer basisprisen på matkveite og matrug frå 12. desember og aukar basisprisen på bygg frå nyttår for å sikre uttak av målpris.
Prognosane for forventa avling har auka med 59 000 tonn sidan september, og avlinga ser ut til å bli 20 prosent over gjennomsnittet for dei siste fem åra.
Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp 54 000 tonn sidan august og 14 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra,
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.