Kornavlinga er større enn venta

Korn på rista. Foto: Ole Nikolai Skulberg

Den norske kornavlinga i 2016 ser ut til å bli 39 000 tonn større enn forventa i november. Det viser ein ny prognose frå Norske Felleskjøp. 

Norske Felleskjøp har vedteke ny prognose for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2016/2017. Prognosen er basert på kjende leveransar denne sesongen samanlikna med andel og kvantum av gjenståande leveransar i dei tre siste åra - leveringsmønsteret. 

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 1 249 000 tonn korn og 16 000 tonn erter og oljefrø. Dette er 17 % over gjennomsnittet for dei føregåande fem åra. Prognosen inneber ei oppjustering av samla tilgang på totalt 39 000 tonn i forhold til prognosen i november. Prognosen for oljefrø og erter er uendra. Vi reknar med at 96 % av tilgangen av korn i sesongen no er innkjøpt av kornhandlarane. 

Forbruket av matkveite til foredling hos norske møller er svakt aukande. Salet av kylling har teke seg opp att og dette medverkar til auka forbruk av kraftfôr.

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvoter for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av Landbruksdirektoratet 23. mars. Det blir foreslått import av 10 000 tonn matkorn i mars. Til kraftfôrindustrien er det foreslått å auksjonere ut 44 000 tonn i mars.

.

Kalender

8.00 7. juni - 16.00 9. juni 2019

Holt Gård i Vestfold

Siste nytt

- Vi har hatt en riktig arealbruk og arbeidsdeling mellom produksjonene, men kornarealene har minket kraftig siden 1991. Vi må snu denne utviklingen for å øke matproduksjonen på en bærekraftig måte, sier Per Christian Rålm i Norske Felleskjøp.

Siste oppdaterte prognose for tilgang av norsk korn stadfester tidlegare prognosar med tilgangen på 55 % av tilgangen sesongen før.

Tiden er nå inne for å satse spesielt på matbygg, og det bør staten støtte i årets jordbruksoppgjør.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.