Siste sesongprognose for kornmarknaden 2020/2021

Hveteåker

Marknadsregulator foreslår at Landbruksdirektoratet reduserer importkvotane for matkveite ved auksjonen i mai med 10 000 tonn for å auke bruken av norsk korn.

Felleskjøpet Agri marknadsregulator har i dag publisert den siste prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2020/2021. Prognosen viser at tilgangen av korn er om lag som i 2019/2020. Forbruket av kraftfôr er prognosert å stige, medan veksten i forbruket av matmjøl som vi såg i 2020 ser ut til å flate ut. Prognosen er grunnlag for forslag om kvoter for suppleringsimport og for reguleringstiltak mot overskott av norsk korn.

 

Norske kornavlingar varierer sterkt frå sesong til sesong. Hausten 2020 ga ei stor avling norsk korn. Tilgangen er prognosert til ni prosent over femårssnittet. Aktørane har ansvar for å melde inn eventuelle overskott pr 1. april. I år er det meldt inn eit overskott av 9 000 tonn fôrkorn og eit større overskott av matkveite på 48 700 tonn.

 

Både matmjøl- og kraftfôrindustrien har bruk for kvalitetar av korn og andre råvarer som ikkje blir produsert i Norge, eller blir dyrka berre i mindre grad. Ein viss import av enkelte kvalitetar er difor alltid nødvendig, sjølv om det oppstår overskott av andre kvalitetar. For råvarer til kraftfôr er det definert minimums importbehov av råvarer som ikkje kan dekkast av norsk korn. For matmjøl er det ikkje definert tilsvarande klare minstekvantum.

 

For matkveite er det viktig med god fordeling av kveitesortar med ulike bakeeigenskapar. I inneverande sesong har vi hatt rekordstor tilgang av kveite med sterk bakekvalitet. Dette er noko vi har mangla i norsk korndyrking tidlegare og vil vere eit godt grunnlag for å auke norskandelen i kveitemjølet i åra framover. Kveitesortar som gir mindre hard deig, svake proteineigenskapar, har det vore mindre tilgang av. Manglande tilgang av svake matkveitesortar har medverka til ubrukte kvanta av sterk kveite. I tillegg har forbruksmønsteret endra seg i 2020 som følgje av koronapandemien, og dette har også redusert forbruket av kveite med sterke bakeeigenskapar. Generelt høgt proteininnhald og sterkare eigenskapar i alle kveitesortar har også påverka forbruket av sterk matkveite negativt.

 

I 2017 vart det etablert ein ny ordning med innmelding av overskott frå kornhandlarane. Marknadsregulator skal ta omsyn til det innmelde overskottet. Etter ei samla vurdering foreslår marknadsregulator  at Landbruksdirektoratet reduserer importkvotane ved auksjonen i mai med 10 000 tonn i forhold til om vi skulle ha teke omsyn til det innmelde overskottet fullt ut.

 

Det er meldt inn overskott av fôrkorn. Importkvotane vil uansett vere større enn definert minimumsimport og marknadsregulator foreslår at direktoratet reduserer suppleringskvota for råvarer til kraftfôr tilsvarande overskottet, slik at det er rom for å bruke det innmelde overskottet. 

 

Kalender

Siste nytt

Prognosane viser at forventa tilgang er justert ned 54 000 tonn sidan august, men tilseier framleis ei avling over femårssnittet. 

Omsetningsrådet har sett omsetningsavgifta for korn til 2,5 øre/kg, etter framlegg frå styret i Felleskjøpet Agri.

Den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2021/2022 frå Felleskjøpet Agri marknadsregulator viser økte avlinger.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.