Prognose for tilgangen av norsk korn

Halmballer i landskap

Norske Felleskjøp har justert ned prognosen for korn, protein og oljevekstar med 14 000 tonn og prognosert tilgangen på halm til husdyrfôr.

Norske Felleskjøp har fått oppdaterte prognosar for avling pr. dekar frå Norsk Landbruksrådgiving som saman med arealprognose gir oppdatert prognose for tilgangen av norsk korn. Arealprognosen er mindre sikker enn tidlegare år då det var tilgang til førebelse tal frå søknadar om produksjonstillegg. Arealprognosen er uendra i forhold til i august.

Prognosen viser ein nedgang i avlingsnivå og dermed tilgang av korn i forhold til prognosert i august med 12 000 tonn. Protein- og oljevekstar er prognosert med ein nedgang på 2 000 tonn.

Norske Felleskjøp har gjort eit grovt anslag over tilgangen av halm som vil bli tilgjengeleg som husdyrfôr. Vi prognoserer tilgangen til mellom 136 000 og 207 000 tonn halm.

Kalender

9.00-15.30 26. januar 2023

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, 0181 Oslo

15.00-16.00 9. mars 2023

Siste nytt

Prognosane for forventa avling har auka med 59 000 tonn sidan september, og avlinga ser ut til å bli 20 prosent over gjennomsnittet for dei siste fem åra.

Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp 54 000 tonn sidan august og 14 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, 

Høg pris på rug i to veker til for å legge til rette for uttak av målpris.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.