Mindre korntilgang og meir heimebaking

Heimebaka brød

Koronaepidemien aukar omsetninga av matmjøl i Norge.

Siste sesongprognose for kornmarknaden 2019/2020 viser at tilgangen av korn er mindre enn prognosert i mars – om lag på nivå med prognosen i november. 

Prognosen legg til grunn at forbruket av kornråvarer i kraftfôr er høgare enn i tidlegare sesongar. Desse faktorane gir auka behov for karbohydratråvarer. 

Forbruksprognosen for matkorn tek høgde for at koronaepidemien aukar omsetninga av matmjøl i Norge minst ut inneverande kornsesong.

Foreslåtte importkvoter er 21 000 tonn matkorn og 116 000 tonn karbohydratråvarer til kraftfôr.

 

Kalender

9.00-15.30 18. januar 2022

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21

Siste nytt

- For andre år på rad aukar innhaldet av norsk korn i brød og kornprodukt. Norsk korndyrking har dei siste åra vore gjennom ein liten revolusjon, seier Eli Reistad, direktør for næringspolitikk og marknadsregulering hos Felleskjøpet Agri.

Prognosane viser at forventa tilgang er justert ned 54 000 tonn sidan august, men tilseier framleis ei avling over femårssnittet. 

Omsetningsrådet har sett omsetningsavgifta for korn til 2,5 øre/kg, etter framlegg frå styret i Felleskjøpet Agri.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.