Invitasjon til å gi tilbod om omdisponering av matkveite i sesongen 2017/2018

Markedsregulator, ved Sindre Flø, inspiserer overlagring

Norske Felleskjøp inviterer til å gi tilbod om nedskriving av inntil 10 000 tonn matkveite til fôr.

Det er pr. mars prognosert 78 000 tonn overskott av matkveite klasse 4. Salet av såkorn og utsiktene for overvintring indikerer at vi kan kome til å ha eit areal og tilgang av klasse 4 hausten 2018 som utgjer mindre enn 20 % av situasjonen i 2017. Prognosert overskott er likevel større enn behovet i 2018/2019. NFK opnar difor no for å omdisponere ein andel av det prognoserte overskottet av klasse 4.

Tilbod må vere levert hos Norske Felleskjøp innan torsdag 22. mars klokka 12:00.

Det er viktig at heile det kvantumet, som det blir gitt tilsegn om, blir teke ut av marknaden for matkorn i inneverande sesong. Tilbod vil difor vere bindande for aktørane. Dette er viktig både for effektiv regulering og for å unngå at aktørar skal kunne blokkere for andre gjennom å sikre seg rom for omdisponering av korn utover det aktøren sjølv har tilgang til.

Omdisponert matkorn kan seljast til andre for bruk i fôr. Aktør som får tilsegn frå Norske Felleskjøp om dekning av kostnader med prisreduksjon, har ansvar for å sikre at denne varen blir brukt til fôr til landbaserte husdyr.

Les heile brevet med vedlegg her: 

Kalender

9.00-16.00 31. januar 2019

Oslo Kongressenter

Siste nytt

Norske Felleskjøp endrer basisprisane for bygg, matkveite og oljefrø med verknad frå oktober.

Norske Felleskjøp har justert ned prognosen for korn, protein og oljevekstar med 14 000 tonn og prognosert tilgangen på halm til husdyrfôr.

Det kan bli nødvendig å endre priskurvene for korn pga endret leveringsmønster. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.