Omdisponering av matkveite

Norske Felleskjøp inviterer til å gi tilbud om nedskriving av inntil 10 000 tonn matkveite til fôr.

Det er pr. mars prognosert 28 000 tonn overskott av matkveite. Basert på forbruksdata og –prognoser frå matmjølmøllene vil knapt halvparten av dette vere i klasse 1 og 2 og resten i klasse 3. Norske Felleskjøp ser det som lite aktuelt å omdisponere klasse 1 og 2. Salet av såkorn indikerer at vi kan kome til å ha eit areal og tilgang av klasse 3 som utgjer 25 % av tilgangen av matkveite. NFK opnar difor no for å omdisponere ein andel av det prognoserte overskottet av klasse 3. Målsettinga er å legge til rette for omdisponering av resten av klasse 3 etter prognosen i mai.

Tilbod må vere levert hos Norske Felleskjøp innan tysdag 18. april klokka 12.00.

Det er viktig at heile det kvantumet som det blir gitt tilsegn om, blir teke ut av marknaden for matkorn i inneverande sesong. Tilbod vil difor vere bindande for aktørane. Dette er viktig både for effektiv regulering og for å unngå at aktørar skal kunne blokkere for andre gjennom å sikre seg rom for omdisponering av korn utover det aktøren sjølv har tilgang til.

Omdisponert matkorn kan seljast til andre for bruk i fôr. Aktør som får tilsegn frå Norske Felleskjøp om dekning av kostnader med prisreduksjon, har ansvar for å sikre at denne varen blir brukt til fôr til landbaserte husdyr.

Kalender

15.00-16.00 9. mars 2023

Siste nytt

Felleskjøpet Agri reduserer basisprisen på matkveite og matrug frå 12. desember og aukar basisprisen på bygg frå nyttår for å sikre uttak av målpris.

Prognosane for forventa avling har auka med 59 000 tonn sidan september, og avlinga ser ut til å bli 20 prosent over gjennomsnittet for dei siste fem åra.

Prognosane viser at forventa tilgang er justert opp 54 000 tonn sidan august og 14 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.