Siste prognose bekrefter halv avling

Siste oppdaterte prognose for tilgang av norsk korn stadfester tidlegare prognosar med tilgangen på 55 % av tilgangen sesongen før.

Norske Felleskjøp har 9. mai utarbeidd siste oppdatering av prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2018/2019. Prognosegrunnlaget er drøfta med Bransjeforum, som representerer kornhandlarane og industrien som foredlar norsk korn og oljevekstar til matmjøl og kraftfôr.

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 690 000 tonn norskprodusert korn og 10 000 tonn erter, åkerbønner og oljefrø.

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvotar for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av Landbruksdirektoratet. Prognosen tilseier ei siste tildeling av kvoter for import av 58 000 tonn matkorn. Til kraftfôrindustrien er det foreslått å auksjonere ut 78 000 tonn kvoter for karbohydratråvarer.

Prognosen viser at forbruket av kraftfôr til drøvtyggarar er 8 % høgare i sesongen i forhold til sesongen før. Norske Felleskjøp ser dette som effekten av det svake avlingsåret for grovfôr i 2018.

Kalender

Siste nytt

Last ned aktuelle tall for dyrking og forbruk av korn i Norge.

Basisprisane på matkveite, bygg, havre og oljevekster går opp, medan basisprisen på rug går ned.

- For andre år på rad aukar innhaldet av norsk korn i brød og kornprodukt. Norsk korndyrking har dei siste åra vore gjennom ein liten revolusjon, seier Eli Reistad, direktør for næringspolitikk og marknadsregulering hos Felleskjøpet Agri.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.