Havre og oljefrø ned, hvete og bygg opp

Norske Felleskjøp har endra prognosen for basisprisar på korn og oljefrø frå desember for å treffe målpris. Prisen på havre og oljefrø vert redusert, medan hvete og bygg vert heva.

19. juni i år publiserte Norske Felleskjøp første sesongprognose for basisprisar ved prisnoteringsanlegga i sesongen 2018/2019. Prognosen vart revidert medio september.

Vi har i dag bestemt å endre dei prognoserte basisprisane med basis i novemberprognosen sine tal for forventa tilgang. Formålet er å legge til rette for uttak av prisar på korn i samsvar med målprisane.

Følgjande endringar blir gjort:

  • Basispris for havre blir redusert frå veke 49 og slik at høgaste pris i sesongen blir redusert med 2 øre pr. kg.
  • Basispris for oljefrø vert redusert med 5 øre pr. kg frå veke 49.
  • Basispris for bygg blir heva frå veke 50 og slik at høgaste pris blir auka med 4 øre pr kg.
  • Basispris for matkveite blir heva frå veke 51 med 1 øre pr kg.

Sjå oppdatert pristabell

Kalender

8.30-15.45 11. september 2019

Quality Sola Airport, Stavanger

9.03-15.30 21. januar 2020

Siste nytt

Omsetningsrådet har i dag vedteke at omsetningsavgifta for korn i sesongen 2019/2020 skal vere 4 øre pr. kg.

Norske Felleskjøp reknar med at den norske kornavlinga kan bli god. Første prognose på 1,282 millionar tonn korn, erter og oljefrø er 3,4% over gjennomsnittet av avlingane i perioden 2014-2017.

Omsetningsrådet har 21. juni innstilt overfor Landbruks- og matdepartementet at den maksimale omsetningsavgifta som kan bli fastsett for sesongen 2019/2020 skal vere 5,5 øre. Satsen er i samsvar med forslag frå Norske Felleskjøp og skal kunne finansiere kostnadane med overskott av korn også i ein ekstraordinært vanskeleg situasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.