Første kornprognose: Forventer normalavling

Havrearealet har auka i 2020

Ei kornavling på nesten 1,2 millioner tonn, litt over 5-årssnittet, og eit kraftfôrforbruk omlag som før. Det er den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2020/2021 som Norske Felleskjøp har utarbeidd i dag.

Prognosen for tilgang er basert på estimat av areal og avling pr. dekar. Prognosen tilseier ein tilgang av norsk korn og proteinvekstar som er om lag som femårssnittet. Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er førebels usikker. Andelen matkorn er sett med utgangspunkt i historiske data.

 

Forbruket av matkorn hos norske matmjølmøller har gått ned i mange år, særleg for matkveite. I den kommande sesongen er det teke omsyn til at forbruket innanlands har auka og at effekten for heile sesongen er om lag uendra forbruk i forhold til i fjor. Forbruket av kraftfôr er samla sett prognosert om lag uendra, totalt sett.

 

Kalender

15.00-15.00 16. mars 2021

Siste nytt

Basisprisen for bygg og havre vert redusert med tre og eitt øre pr kg frå og med måndag 22. februar for at noteringsprisen skal bli mest mogeleg i samsvar med målpris.

Norske Felleskjøp blir avvikla som eige selskap og aktivitetane lagt til Felleskjøpet Agri SA, som er produsentsamvirket for korn.

Last ned aktuelle tall for dyrking og forbruk av korn i Norge.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.