Bransjen melder overskot av matkveite

Korn

Marknadsregulator har fått innmeldt overskott av 48 700 tonn matkveite og 9 000 fôrkorn.

Hausten 2020 ga mykje korn av god kvalitet. Felleskjøpet Agri marknadsregulator har fått innmeldt overskott av 48 700 tonn matkveite. I tillegg er det meldt overskott av 9 000 tonn fôrkorn. Dette er korn som aktørar oppgir som ikkje avtalt å omsette i inneverande sesong. Det er særleg stort underforbruk av matkveite klasse 1 i forhold til tilgangen til og kvaliteten av matkveite.

Kveitemjøl blir produsert i ulike variantar til ulike typar bakverk. Det trengs difor sortar som har ulike eigenskapar til baking. Kvalitetane varierer frå sortar som gir svært fast struktur i bakverket (klasse 1) til sortar som gir lausare struktur (klasse 5). Møllene må komponere mjølblandingar som tilfredsstiller ulike behov og som samtidig skal vere stabile over tid. Dette er fagleg krevjande arbeid. Bonden er gjennom pris stimulert til å dyrke glutensterke sortar i klasse 1. Dette gjer bruken av dette kornet dyrt i bruk.

Felleskjøpet Agri marknadsregulator vurderer at det er mogleg å auke forbruket av klasse 1 i resten av sesongen 2020/2021 og fram til nytt korn er tilgjengeleg i sesongen 2021/2022. Vi vurderer det som aktuelt å overlagre berre ein del av det innmelde overskottet og heller gi Landbruksdirektoratet råd om å redusere importkvota for matkorn i mai. Det same vil gjeld for innmeldt overskott av fôrkorn. Dette vil bli vurdert i lys av den siste sesongprognosen, i mai.

Kalender

Siste nytt

Prognosane viser at forventa tilgang er justert ned 54 000 tonn sidan august, men tilseier framleis ei avling over femårssnittet. 

Omsetningsrådet har sett omsetningsavgifta for korn til 2,5 øre/kg, etter framlegg frå styret i Felleskjøpet Agri.

Den første prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2021/2022 frå Felleskjøpet Agri marknadsregulator viser økte avlinger.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.