Ber om tilbod om overlagring av korn

Stavanger Havnesilo

Norske Felleskjøp har bestemt å opne for overlagring av fôrkorn og matkveite etter sesongen 2016/2017.

Tiltaket skal gjennomførast etter innhenting av tilbod. Overlagringa gjeld for norsk korn innkjøpt gjennom marknadsordninga for korn. Alle som kan innfri krava til handtering av kornet og dokumentasjon av dette i samsvar med våre reviderte retningsliner kan gi tilbod med krav om kompensasjon.

Overskott av fôrkorn
Omfanget av tiltaket er basert på prognose av 08.05.2017 for tilbod om og forbruk av norsk korn i sesongen 2016/2017. Overskott som er skapt i sesongen 2015/2016 vert ikkje regulert, sjølv om prognosen for den sesongen ikkje fanga opp det nøyaktige overskottet. Vi inviterer med dette til å gi tilbod om overlagring av

  • 35 000 tonn norskprodusert fôrkorn (bygg eller havre)
  • 20 000 tonn matkveite (klasse 1 eller 2)

Godkjenning av kostnader for overlagring
Norske Felleskjøp har fastsett øvre grenser for kostnader ved reguleringstiltak vi vil godkjenne. Som tidlegare er det fastsett høgare satsar for korn som i overlagringsperioden må omplasserast utanom den ordinære varestraumen (kroner pr. tonn): 

Maksimalsatsar for tilbod om overlagring (kroner pr. tonn)

 

Matkveite

Bygg

Havre

På forbruksanlegg

            275

            255

            250

På andre anlegg

            415

            395

            385

Eventuell redusert målpris og eventuelt auka tilskott til prisnedskriving vil medverke til redusert kornverdi i engrosmarknaden i ny sesong, og at kravet til kompensasjon blir tilsvarande større. Eventuell auke i målpris eller redusert prisnedskriving verkar motsett. Aktørar som får godkjent tilbod skal korrigere for desse endringane ved fakturering for gjennomført tiltak.

Norske Felleskjøp vil korrigere for auka eller redusert kornverdi dersom dette ikkje er gjort av aktøren. Staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane inneber ein prisauke på 9 øre pr. kg for matkveite og 6 øre for bygg og havre, som aukar kornverdien til hausten. Det gjer også staten sitt forslag om redusert prisnedskriving neste sesong med 5,8 øre i forhold til inneverande sesong. Desse endringane vil eventuelt gjere overlagring denne sesongen relativt rimeleg for marknadsreguleringa.

Det er viktig at heile det kvantumet som er lagt ut, blir teke ut av marknaden for fôrkorn i inneverande sesong. Tilbod vil difor vere bindande for aktørane. Manglande oppfylling av tilbod vil medføre avkorting i kompensasjon. 

Korn som skal overlagrast må vere på plass på endeleg lagerstad innan 20. juli 2017. Innan 24. juli skal det sendast rapport til Norske Felleskjøp om gjennomført plassering. Overlagra vare skal vere bunden i forhold til uttak frå lager i perioden 20. juli til 15. oktober 2017. 

Aktør som gir tilbod om overlagring, skal:

1. Gi forslag til korleis det kan dokumenterast at vare som det er gitt tilsegn om dekning av overlagringskostnader for, er i samsvar med tilbodet, og
2. forklare korleis overlagra vare er sikra mot blanding med anna vare eller uttak på anna tidspunkt enn føresett.

Norske Felleskjøp tek atterhald om at tilbod som ikkje tilfredsstiller krava som er sett i regelverket og i invitasjonen, vil bli avvist. Tilbod om overlagring må vere Norske Felleskjøp i hende seinast 23. mai 2017 klokka 12.00. Oversikt over tilboda sine lagringsstadar, kvanta og pris, vil bli gjort offentleg kjent i etterkant.

Kalender

8.00-16.00 22. juni 2017

Landbrukets hus, Hollendergata 5, Oslo

Siste nytt

Norske Felleskjøp har bestemt å opne for overlagring av fôrkorn og matkveite etter sesongen 2016/2017.

12 000 tonn matkveite av klasse 3 er omdisponert til fôr.

Den norske kornavlinga i 2016 ser ut til å bli en halv prosent større enn forventa i mars. Det viser den siste prognosen frå Norske Felleskjøp i kornsesongen. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.