Siste sesongprognose for balansen i kornmarknaden for 2016/2017

Kveite

Den norske kornavlinga i 2016 ser ut til å bli en halv prosent større enn forventa i mars. Det viser den siste prognosen frå Norske Felleskjøp i kornsesongen. 

Norske Felleskjøp har utarbeidd siste oppdatering av prognosen for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2016/2017. Prognosen er basert på kjende leveransar denne sesongen samanlikna med andel og kvantum av gjenståande leveransar i dei tre siste åra (leveringsmønsteret).

 

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 1 255 000 tonn korn og 17 000 tonn erter og oljefrø. Dette er 17 og 18 % over gjennomsnittet for dei føregåande fem åra.

 

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvoter for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av Landbruksdirektoratet. Prognosen tilseier ei siste tildeling av kvoter for import av 27 000 tonn matkorn. Til kraftfôrindustrien er det foreslått å auksjonere ut 33 000 tonn.

Fristen for levering om tilbod om prisnedskriving er torsdag 11. mai klokka 12:00.

Kalender

Siste nytt

Norske Felleskjøp har utarbeidd første prognose for priskurver for basisprisar ved noteringsanlegga for den kommande sesongen.

Norske Felleskjøp har mottatt og godkjent tilbud om overlagring av 35 000 tonn fôrkorn og 20 000 tonn matkveite til neste sesong. 

Norske Felleskjøp har bestemt å opne for overlagring av fôrkorn og matkveite etter sesongen 2016/2017.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.