Små avvik i kornprognosene

Når NFK konkluderer om marknadsbalansen i mai kvart år, har vi tal for om lag 99 prosent av kornleveransen. 

Prognosering av suppleringsimport korn

Prognosert forbruk av korn i kvar sesong blir samanlikna med prognosert tilgang av norsk korn. Forbruk som overstig tilgangen av norsk korn medfører forslag om suppleringsimport som tilsvarar differansen mellom forbruk og tilgang. Nødvendig suppleringsimport blir fordelt av Landbruksdirektoratet gjennom auksjon av kvotar som gir rett til import med administrert toll. 

Følgjande oversikt illustrerer metoden med utgangspunkt i tal for sesongen 2016/2017 (tusen tonn):

 

Fôrkorn

Matkorn

Forbruk av kraftfôr

1 950

 

x Andel kornråvarer

70 %

 

= Totalt forbruk av kornråvarer

1 365

330

- Nytt norsk korn

- 990

- 245

- Kli frå norske møller

 - 50

 

- Norsk korn på reguleringslager

 - 45

- 10

= Importbehov

280

75

- Nulltollimport og EU-kvoter

- 75

0

+/- Prognoseavvik sesongen før

+ 3

 

= Kvote med administrert tollsats

208

75

 

Når NFK konkluderer om marknadsbalansen i mai kvart år, har vi tal for om lag 99 prosent av kornleveransen. Omsetninga av kraftfôr og andelen karbohydrat i totalfôret er kjent for 4. kvartal året før og 1. kvartal i året, dvs. halve prognoseperioden. Resten er framleis prognosert. Forbruket av matkorn er i større grad kjent; her har vi tilgang til månadsrapportar for utbetalt matkorntilskott frå Landbruksdirektoratet.

Metoden siktar mot å forsyne industrien med import, i den grad tilgangen av norsk korn ikkje er tilstrekkeleg. På denne måten blir det nødvendige bufferkvantumet mellom kvar sesong, som industrien må ha for å klare overgangen til korn av ny sesong er tilgjengeleg, den såkalla  overgangsbeholdninga, halden ved like.

Tabellen over viser at bransjen sitt auka lager av korn etter sesongen 2015/2016 er teke omsyn til ved prognoseringa av suppleringsbehovet.

Tilgangsprognosen

Siste del av importkvotane blir gitt i samsvar med prognosen i mai. På dette tidspunktet blir altså totalkvoten for sesongen sluttjustert. Også på dette tidspunktet er det avvik i prognosane målt mot utrekningar gjort i ettertid basert på kjende og endelege data for tilgang og forbruk:

Fem års avvik tilgangsprognose. Frå 2011/12 (tonn)

Maiprognose

Kveite

Rug

Bygg

Havre

Korn i alt

Erter

Oljefrø

Gjennomsnitt

2 067

179

1 923

1 211

3 359

75

81

Største avvik

3 418

351

3 571

1 639

7 011

165

315

 

Tala i tabellen er basert på absoluttverdiar som er det mest relevante for å vurdere kva ein kan forvente av prognosane til ei kvar tid; ordinært gjennomsnitt ville skjult utslag som gjekk i forskjellig retning. Også største kjende avvik er relevant å vere klar over. Norske Felleskjøp meiner desse avvika er små og utan vesentleg betydning for balansen i totalmarknaden.

Importkvotane

Avvik i prognosane gir også avvik i vurdert importbehov, i tillegg blir heller ikkje alle tildelte kvoter brukt. Tabellen under viser status for dei siste åra, der vi har lagt endelege tal for tilgang og forbruk inn i prognosemodellen i løpet av den etterfølgjande sesongen:

Evaluering - prognoserte importkvoter (tonn)

 

 

2010/11

2011/12

2012/13

2013/14

2014/15

2015/16*

 Kvote matkorn

 Prognosert

120 000

274 000

168 000

215 000

126 000

162 000

 Revidert prognose

120 000

268 000

181 000

213 000

127 000

163 000

 Overprognosert

0

6 000

-13 000

2 000

-1 000

-1 000

 Ubrukt kvote

1 984

24 977

5 921

4 471

3 601

7 155

 

 Kvote karbo

 Prognosert

273 000

397 000

488 000

509 000

388 000

205 000

 Revidert prognose

310 000

401 000

455 000

518 000

380 000

160 000

 Overprognosert

-37 000

-4 000

33 000

-9 000

8 000

45 000

 Ubrukt kvote

6 356

18 515

6 946

5 545

15 097

3 063

 

I følgje NFK sin evaluering har importkvotane for karbohydratråvarer til kraftfôr i sum for dei siste fem åra før sesongen 2015/2016 vore 9 000 tonn for låge, medan kraftfôrindustrien i den same perioden har late i alt 52 000 tonn kvote vore ubrukt. Dette er eit avvik Norske Felleskjøp ikkje har funne forklaring på, men vi ser av figuren nedanfor at i 2014, som avslutting av sesongen 2013/2014 der kvotane var 9 000 tonn for låge og 5 500 var ubrukt, skulle dette tilseie ein nedgang i lageret på om lag 15 000 tonn. Lageret var dette året redusert frå om lag 311 000 tonn til om lag 295 000 tonn, altså 16 000 tonn, jamfør figuren nedanfor. Etter sesongen 2014/2015 der dei tildelte kvotane var 8 000 tonn for høge, men 15 000 tonn blei brukt, skulle lageret tilsvarande gått ned med 7 000 tonn, men då gjekk lageret likevel opp med 20 000 tonn.

Overgangslager karbohydratråvare til kraftfôr

Sesongen 2015/2016

Hausten 2015 ga større tilgang av korn enn på mange år. Lagera var i periodar overfylte og mange provisoriske løysingar blei valt. Før treskinga, i starten av august, vart den store tilgangen ikkje fanga opp av prognosen, men ein svært god ettersommar ga det gode resultatet. På det tidspunktet vart det tildelt førebelse importkvoter som skulle dekke 45 % av sesongbehovet – resten skulle fordelast i november og i mai 2016. Med den store tilgangen av norsk korn som kom inn, var det ikkje rom for å tildele nye kvotar verken i november eller i mai. Maiprognosen viste at augustkvoten hadde vore 45 000 tonn større enn suppleringsbehovet.

Dette kvantumet vart lagt ut for reguleringslagring slik at kornhandlarar som hadde kjøpt meir enn det var mogleg å selje, kunne få dekt ekstrakostnadane som følgje av overskottet av norsk korn som var skapt på denne måten.

Kornhandlarane ga tilbod om overlagring av 89 000 tonn, altså dobbelt så mykje som prognosert. Norske Felleskjøp har ikkje forklaring på dette avviket og figuren over som viser bransjen sine lager av kornvarer, viser heller ikkje auke pr. 1. juli 2016.

Tabellen under oppsummerer avvika mellom vår prognose i mai og etterkontrollen av denne pr. november. NFK ser framleis ikkje av grunnlagsmaterialet at sesongen skapte eit overskott som er større enn vi prognoserte i mai.

Evaluering 2015/2016

Maiprognose

Endeleg

Differanse

Omsetning av kraftfor

1 968 000

1 972 000

4 000

Andel karbohydrat

70,0 %

69,7 %

-0,3 %

Behov for karbohydrat

        1 378 000

   1 375 000

-3 000

Forbruk av kli frå norsk foredling

-52 000

-52 000

0

Behov for karbohydrat ekskl. kli

1 326 000

1 323 000

-3 000

Norsk fôrkorn

-1 046 000

-1 086 000

-40 000

Importbehov totalt

           280 000

      237 000

-43 000

Bilaterale kvoter EU, GSP

-60 000

-60 000

 

Korreksjon for året før

0

0

0

MUL-kvoter korrigert

-15 000

-16 000

-1 000

Kvoter for suppleringsimport

205 000

161 000

-44 000

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.