Endringar i basisprisar på matkveite og oljefrø

Dyrking av oljefrø på Toten. Foto: Felleskjøpet Agri

Norske Felleskjøp har justert basisprisane for matkveite og oljefrø med sikte på å ta ut målpris.

Basisprisen på matkveite blir auka med 8 øre pr kg frå veke 7. På same tid vert basisprisen på oljefrø sett ned med 5 øre pr kg.

Norske Felleskjøp sine prisprognosar for korn blir publisert på www.fk.no og i Bondebladet. I tillegg får alle kornhandlarar melding direkte. Første prisprognose blir publisert i juni. Tradisjonelt reviderer vi denne etter tilgangsprognosen i november. Deretter er det aktuelt å vurdere nye prisjusteringar etter nyttår. Januar er ein månad med relativt stor leveranse av korn, som er vanskeleg å forutsjå presist. Tradisjonelt er veke 1 og 2 store leveranseveker, men det blir også avrekna mykje korn i veke 4 og 5. Før vi har registrert innkjøpet av korn i veke 5, vil grunnlaget for dei siste korreksjonane i priskurven vere svært usikkert. Med nødvendig varslingstid av prisendringar, vil desse først bli realisert frå tidlegast veke 7. Frå det tidspunktet og ut sesongen går leveransane kraftig ned og for å korrigere med sikte på å oppnå målpris, må vi difor kompensere reduserte kvanta med kraftigare prisendringar. Kor sterke prisendringar vi vil foreta, må alltid vegast opp mot kor store avvik i gjennomsnittleg noteringspris vi aksepterer i forhold til målpris. Priskorreksjonane vil kunne gå begge vegar – i 2016 vart prisen for matkveite sett ned med 10 øre frå veke 10, og i år opp med 8 øre frå veke 7.

Dei fleste år ser vi langt mindre avvik frå prisprognosen enn i 2015/16 og 2016/17. Over tid blir også gjennomsnittleg kornpris tatt ut med mindre enn 0,5 øre i avvik frå målpris for sesongen. Dette gir kornprodusenten god innsikt i kva prisen vil bli, samanlikna med system som er meir påverka av kortsiktige svingingar i marknaden.

Nye kornpriser frå veke 13

Kalender

Siste nytt

Norske Felleskjøp har utarbeidd første prognose for priskurver for basisprisar ved noteringsanlegga for den kommande sesongen.

Norske Felleskjøp har mottatt og godkjent tilbud om overlagring av 35 000 tonn fôrkorn og 20 000 tonn matkveite til neste sesong. 

Norske Felleskjøp har bestemt å opne for overlagring av fôrkorn og matkveite etter sesongen 2016/2017.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.