Prognose for tilgang og forbruk av korn pr november 2015

Lågt proteinnivå og svak bakekvalitet gjer at ein del av det norske matkornet vil bli omdisponert til fôr.

Norske Felleskjøp har vedteke ny prognose for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2015/2016.

Prognosen er basert på kjende leveransar denne sesongen samanlikna med andel og kvantum av gjenståande leveransar i dei tre siste åra. 

Prognosen gir ein samla tilgang til marknaden av 1 266 000 tonn korn og 15 000 tonn erter og oljefrø. Dette er 21 % over gjennomsnittet for dei føregåande fem åra. Prognosen inneber ei oppjustering på totalt 82 000 tonn i forhold til prognosen i september og 206 000 tonn meir enn i august. 

Prognosen er grunnlaget for tildeling av importkvoter for mat- og fôrkorn som blir lagt ut for auksjon av SLF 24. november. Det blir foreslått import av 84 000 tonn matkorn i november av i alt 162 000 tonn for sesongen. Vidare legg prognosen opp til import av 3 000 tonn oljefrø i nvoember. Oppjusteringa av tilgangsprognosen sidan august gjer at det ikkje er nødvendig å auksjonere ut kvoter for suppleringsimport av fôrkorn og andre karbohydratråvarer i november. 

Lågt proteinnivå og svak bakekvalitet

Proteinnivået i norsk korn er lågt i år og bakekvaliteten er i tillegg svakare enn i fjor. Det vil difor ikkje vere mogleg å bruke alt av den store tilgangen av haustkorn i produksjon av matmjøl. Det vil bli overskott av både matrug og matkveite. Ein del av det svakaste matkornet vil bli omdisponert til fôr. Resten vil bli vurdert overlagra til neste sesong.

Kalender

9.00-17.00 5. september 2017

Thon Hotel Arena, Lillestrøm

Siste nytt

Norske Felleskjøp har lagt fram prognose for tilgang og forbruk av korn i 2017/2018

Norske Felleskjøp har utarbeidd første prognose for priskurver for basisprisar ved noteringsanlegga for den kommande sesongen.

Norske Felleskjøp har mottatt og godkjent tilbud om overlagring av 35 000 tonn fôrkorn og 20 000 tonn matkveite til neste sesong. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.