Tilbod om havrelagring godkjend
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Norske Felleskjøp har avtalt overlagring av 55 000 tonn fôrhavre som det ikkje var marknad for. Reguleringa koster kornbøndene 22,8 mill kroner. |
Norske Felleskjøp har i dag fordelt godkjende tilbod om overlagring av fôrhavre frå inneverande sesong. I prognosen av 4. mai var det sett ei ramme for overlagring av 55 000 tonn fôrhavre som det ikkje er marknad for i inneverande sesong. I staden tilrådde NFK at Statens landbruksforvaltning tok høgde for eit tilsvarande kvantum i form av ekstra suppleringsimport av karbohydratråvarer i resten av kornåret.
Det vart gitt tilbod om overlagring av 59 379 tonn fôrhavre og dyraste tilbod vart difor avkorta med 4 379 tonn. Etter dette er det fordelt følgjande kvantum overlagra korn som vil få kompensasjon for lagringskostnader:
Godkjende tilbod
|
Fiskå Mølle |
3 000 |
251,00 |
Fiskå Mølle Fiskå |
|
Fiskå Mølle |
500 |
251,00 |
Etne Bygdemølle |
|
Fiskå Mølle |
100 |
251,00 |
Flisa Mølle og Kornsilo |
|
Fiskå Mølle |
92 |
251,00 |
Braskereidfoss kornsilo |
|
Fiskå Mølle |
187 |
251,00 |
Fiskå Mølle avd Brekke Mølle |
|
Strand Unikorn |
1 500 |
387,00 |
Stavanger Havnesilo |
|
Strand Unikorn |
2 750 |
388,00 |
Stavanger Havnesilo |
|
Fiskå Mølle |
6 500 |
389,00 |
Stavanger Havnesilo |
|
Strand Unikorn |
2 750 |
392,00 |
Stavanger Havnesilo |
|
Felleskjøpet Agri |
37 621 |
397,00 |
Stavanger Havnesilo/Buvika |
Samla kostnad med godkjende tilbod er på i alt 21,2 mill. kroner. I tillegg er det mogleg å fakturere for fall i målpris til neste sesong. Med 3 øre redusert målpris for havre vert samla kostnad 22,8 mill kroner. Gjennomsnittskostnaden for overlagringa vert dermed kr 415 pr tonn.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Publisert
19.05.2010
av
Sindre Flø Sindre.Flo@fk.no
|
|
|
|