Dropp navigasjonskoblinger
Forsiden
Markedsregulering
Næringspolitikk
Samfunnskontakt
Om Norske Felleskjøp
English


Felles strategi mot mykotoksin 

 
Bioforsk vil vurdere risikoen for mykotoksin før hausting. - Norske Felleskjøp
    Bioforsk vil vurdere risikoen for mykotoksin før hausting. 
Fleire analysar av havre er eit av fleire tiltak i ein felles strategi mot mykotoksin som kornhandlarane og kraftfôrindustrien har samla seg om.

Omfanget av analysar vil bli auka vesentleg, mellom anna er det for første gong innkjøpt hurtiganalyseutstyr for bruk ved mottaksanlegga. Dette vil bli finansiert med auka analysetrekk.

Bioforsk lanserer ein modell for risikovurdering på internett før ferien og kornhandlarane vil stimulere bøndene til å bruke denne.

Desse tiltaka vil gjere det lettare å fordele kornet optimalt mellom ulike bruksområde i forhold til kvalitet.

Felles strategi mot mykotoksin i kornbransjen

Bransjeforum for marknadsregulering i korn har utpeika ei arbeidsgruppe for å arbeide med tiltak for å handtere korn med innhald av mykotoksin. Gruppa har vore samansett av Geir Inge Auklend (Felleskjøpet Rogaland Agder), Øivind Juel (Felleskjøpet Agri), Svein Stubberud (Norges Bondelag), Kristian Thunes (Strand Unikorn), Leif Kåre Gjerde (Fiskå Mølle), Øyvind Breen (Statens landbruksforvaltning), Sindre Flø (Norske Felleskjøp, sekretær.

Dei to siste sesongane har gitt norsk korn med høgt innhald av mykotoksin. Dette gjeld særleg havre og særleg soppgifta DON. Kvaliteten på avlinga i 2010 vil vere svært prega av vêret i juli/august, men smittepresset frå tidlegare sesongar gjer at bransjen har høg beredskap for å takle eventuelle problem.

Betre norsk korn til norsk fôr- og matindustri

Mykotoksin i korn er ei stor utfordring for matvare- og kraftfôrindustrien. Internasjonalt er dette rekna som ei av hovudutfordringane ein står overfor på råvaresida. Forsking og industri har i mange år arbeidd med problemstillingane og kjennskapen er større. Likevel er mange årsakssamanhengar ukjende.

Norske husdyrprodusentar er avhengige av godt kraftfôr og norsk kornbransje har dei siste åra arbeidd for å finne effektive tiltak for å handtere kvalitetsutfordringane.

Varsling av risiko

Bioforsk har utvikla ein modell som vil vere klar til året sesong for å vurdere risikoen for mykotoksin i korn frå ulike produsentar. Denne prediksjonsmodellen tar bl.a. utgangspunkt i data for nedbør i det aktuelle området, og den enkelte bonden sine såtidspunkt og tidspunkt for eventuell sprøyting mot mykotoksindannande sopp.

Prediksjonsmodellen kan brukast av bonden til å vurdere risikoen for mykotoksin i sitt korn. Kornhandelen vil stimulere til at utskrift frå denne modellen blir levert saman med kornet. Også kornhandelen kan bruke modellen for å skaffe oversikt over risiko i ulike område.

Modellen vil saman med nytt utstyr for hurtiganalysar på sentrale kornanlegg gi grunnlag for sortering og for utveljing av parti for nærare analyse.

På denne måten vil det bli enklare å sortere korn av ulik kvalitet til ulike lagerceller. Dette vil igjen gjere det lettare for industrien å disponere kornet optimalt i sin produksjon av kraftfôr.

Hurtiganalyse – ny reiskap

Det siste året har det blitt tilgjengeleg utstyr som kan brukast ved mottak av korn frå produsent og som kan gi eit raskt svar på mykotoksinnivået. Utstyret er mindre presist enn laboratorieanalysar, men kan gi grunnlag for betre sortering av kornet frå starten av sesongen.

Aktørane kjøper no inn dette utstyret til mange av sine anlegg.

Produsentane vil bli oppfordra til å levere førehandsprøver av havre.

Auka bruk av laboratorieanalysar

Bransjen vil intensivere bruken av mykotoksinanalysar ved autoriserte laboratorium. Dette vil gi større kjennskap til kvalitet overfor industrien.

Tiltak overfor kornprodusent

For komande kornsesong vil bransjen ta i bruk hurtiganalysar for å få oversikt over kvaliteten, kunne sortere betre og skaffe seg erfaring. På lengre sikt er målet å kunne avrekne kornet i samsvar med mykotoksinkvalitet.

Så langt har verken sortering eller prising etter kvalitet vore mogleg. Det trengs erfaring med bruk av utstyr og prediksjonsmodell før det er mogleg å vurdere prisgradering eller avvising av korn etter innhald av mykotoksinnivå. Sesongen 2010/2011 vil difor bli ein prøvesesong for dei nye tiltaka.

Kveite som elles tilfredsstiller krava til matkvalitet, men som ikkje tilfredsstiller Mattilsynet sine tilrådde grenser for mykotoksin, må sorterast ut og avreknast som fôrkorn.

 
Del på Facebook